[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Hotel Garni

Koordinatar: 59°19′43″N 18°3′58″E / 59.32861°N 18.06611°E / 59.32861; 18.06611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°19′43″N 18°3′58″E / 59.32861°N 18.06611°E / 59.32861; 18.06611

Hotel Garni var då det opna 3. oktober 1832 det første moderne hotellet i Stockholm, og det andre i Sverige etter Hotel Continental du Sud i Ystad som opna tre år tidlegare. Det franske namnet kan omsetjast med «rom for reisande».

Hotellet var plassert i den såkalla Hildebrandska hust på Drottninggatan 3. Tidlegare hadde svenske veifarande fått overnatta i kjellarane til folk eller vertshus, medan dei meir velstående fekk overnatta i private heim. Betre overnatting var difor velkomen etterkvart som ferdverksemda auka. Det viste framfor alt at auken av rike svenske og utanlandske gjester. Hotellet vart drive av hovkonditor Abraham Christopher Behrens, som òg var innehavar av schweizeriet på Strömparterren. Der var det rom i tre etasjar, og dessutan ein stall og eit vognskjul for gjestene.

Året etter at Behrens døydde i 1855 vart hotellet lagt ned. Totalt 1 700 svenskar og 1 300 utanlandske gjester hadde budd på hotellet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • Kerstin Mandén-Eagle: Eit hotellkvarter i det Fjerne" Byturar. Stockholms bymuseum, ISSN 0349-1870.
  • Stålhane, Arvid: Hôtel Garni's gästbok: Resandeliv på Karl Johans och Oskar I:s tid. Stockholm (1846)