Kvitvin
Utsjånad
Kvitvin er vin laga av anten gule/grøne druer eller av blå druer der skalet er blitt fjerna før gjæringa byrjar.[1]
Ein produserer kvitvin alle stader der ein dyrkar vindruer, medrekna stader der blå druer ikkje trives. Dette siste gjelder spesielt Nord-Europa, der Rhin- og Moseldalen peiker seg ut. Andre distrikt som er kjende for kvitvin er Alsace i Frankrike og California i USA.
I Portugal lager ein varianten vinho verde som har eit svakt grønskjer.[2]
Nokre kvite vinar blir spesielt foredla for å bli musserande vin. Den best kjende franske varianten blir kalla champagne etter vindistrikt og fremstillingsmetode.
Drueslag
[endre | endre wikiteksten]Nokre kjende drueslag som blir brukte til kvitvin er:
- Chardonnay i Bourgogne og Champagne
- Sauvignon blanc i Loiredalen og Bordeaux
- Chenin blanc i Anjou
- Riesling i Tyskland, Austerrike og Alsace
- Pinot gris
- Auxerrois
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Forskjellen på rødvin og hvitvin». forskning.no. 29.10.2002. Henta 14. november 2016.
- ↑ Teague, Lettie (22. august 2014). «The Elegant, Serious Side of Vinho Verde». Wall Street Journal. ISSN 0099-9660. Henta 14. november 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Hvitvin» frå Wikipedia på bokmål, den 21. oktober 2021.