[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Tangentfjøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Keyboard)
Tangentfjøl

Klassifiseringtangentinstrument, elektronisk musikkinstrument
Døme Lyden av ei Casio-tangentfjøl

Ei tangentfjøl er eit elektronisk tangentinstrument som skil seg frå eit piano ved at tonane varer så lenge tangenten er trykt ned, mens tona på eit piano berre varer ei kort stund, alt etter krafta i anslaget.

Tidlege tangentfjøler var ikkje følsomme for anslag, men produserte ei tone med same volum sjølv om tangenten vart slått an på ein hard eller mjuk måte. Eksempel på typar tangentfjøler er synthesizere og MIDI-tangentfjøler (som berre er ei rekkje tangentar som er kopla til ein MIDI-modul).