Kasimov
Kasimov Касимов | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Rjazan oblast | ||||
Grunnlagd | 1152 | ||||
Geografi | |||||
Innbyggjarar - Totalt (2006) |
34 500 | ||||
Koordinatar | 54°56′00″N 41°24′00″E / 54.93333°N 41.40000°E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 3913xx | ||||
Retningsnummer (tlf) | +7 49131 | ||||
Nettstad: www.kasimov-gorod.ru |
Kasimov (russisk Касимов, tatarisk Касыйм, Qasím) er ein by i Rjazan oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Byen ligg på venstre breidda av elva Oka, rundt 120 km aust for Rjazan.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei første innbyggjarane i dette området var ei finsk-ugrisk stamme kalla Mesjtsjora, som seinare vart assimilert av russarar og tatarar. Byen vart grunnlagd i 1152 av Vladimir-Suzdal-fyrsten Jurij Dolgorukij som Grodets, seinare Gorodets Mesjtsjorskij (russisk: Городец Мещёрский). Han hamna under Misjar Jort-delen av Den gylne horden, men vart så seld til Moskva.
I 1376 vart byen øydelagd i den mongolske invasjonen, men vart snart gjenoppbygd som byen Novyj Nizovoj (Ny lågtliggande, russisk: Новый Низовой). Etter slaget ved Suzdal i 1445 (der Storhertug Vasilij II vart teken til fange), vart Mesjtsjora-området gjeve til Olug Moxammat, khanen i Kazankhanatet som løysepengar for livet til fyrsten.
I 1452 gav Storhertug Vasilij II av Moskva denne byen til Kazanfyrsten Qasim khan, som var skatteinspektør for Den gylne horden, men som hamna i teneste for russarane. I følgje andre historier flykta Qasim og bror hans Josif frå Kazan etter å ha tapt kampen om trona mot bror deira Mäxmüd. Etter 1471 var byen kjend som Qasím-byen. Han vart verande hovudstad i Qasimkhanatet fram til 1681 da khanatet igjen vart ein del av Russland.
Ei gruppe tatarar busette seg her på 1400-talet og er no kjend som Qasim-tatarar. Dei snakkar Misjar-dialekten, blanda med ein middel-tatarisk dialekt av tatarisk.
Attraksjonar i Kasimov
[endre | endre wikiteksten]Historiske bygningar:
- Steinmoske (1467)
- Mausoleum for Shahgali (Şahğäli) Khan (1555)
- Mausoleum for Afghan Moxammad (Äfğan Möxämmäd) Khan (1658)
- Russisk ortodokse kyrkjer:
- Epifani-kyrkja (russisk: Богоявленская церковь) 1600-talet.
- Nikolai-kyrkja (russisk: Никольская церковь) 1600-talet.
- Treenighetskyrja (russisk: Троицкая церковь) 1600-talet.
- Kristi Himmelfartskatedralen (russisk: Вознесенский собор) 1800-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Kasimov» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2009.