[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Fredrik VIII av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frederik VIII av Danmark

Konge av Danmark
Regjeringstid29. januar 190614. mai 1912
Fullt namnChristian Frederik Vilhelm Carl
Fødd3. juni 1843
FødestadDet gule palé
Død14. mai 1912
DødsstadHamburg
GravstadRoskilde domkyrkje
Gift medLovisa av Sverige
DynastiHuset Glücksborg (Danmark)
MottoHerren er min Hjælper.
FarKristian IX av Danmark
MorLouise
BornKristian X av Danmark, Haakon VII av Noreg, Prinsesse Louise, Prins Harald, Ingeborg av Danmark, Prinsesse Thyra, Prins Gustav, Dagmar

Frederik VIII (3. juni 184314. mai 1912) var son av kong Kristian IX av Danmark og Louise av Hessen-Kassel. Han var konge av Danmark frå 1906 til 1912.[1]

Fredrik VIII og kona Louise ligg gravlagde i Roskilde domkyrkje.

I 1869 gifta han seg med prinsesse Lovisa av Sverige, dotter av Karl IV av Noreg. Allereie som nygifte overtok kronprinsparet Charlottenlund slott som sommarbustad. Her vart fleire av dei åtte borna deira fødde. Dei to fyrstefødde vart kongar som Kristian X av Danmark og Haakon VII av Noreg.[2]

Mellom ordnane åt Frederik VIII fanst òg Storkrossen med kjede av St. Olavs Orden, tildelt 1862.

Han døydde i Hamburg.[3]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Fredrik VIII av Danmark
Spire Denne Danmarkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.