[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Falaj Al-Mualla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Falaj Al Mu'alla
landsby
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Umm al Qawain
Høgd 82 moh.
Koordinatar 25°21′11″N 55°51′12″E / 25.35306°N 55.85333°E / 25.35306; 55.85333
Kart
Falaj Al-Mu'alla
25°21′11″N 55°51′12″E / 25.353055555556°N 55.853333333333°E / 25.353055555556; 55.853333333333
Kart som viser Falaj Al-Mualla.
Kart som viser Falaj Al-Mualla.
Kart som viser Falaj Al-Mualla.
Wikimedia Commons: Falaj Al Mualla

Falaj Al Mu'alla er ein innlandsbusetnad kring ein oase i Umm al Qawain i Dei sameinte arabiske emirata. Han ligg rundt 30 km inn i landet frå byen Umm Al Quwain.[1]

Historie og utvikling

[endre | endre wikiteksten]
Eit av vakttårna.

Busetnaden var opphavleg kjend som Falaj Al Ali etter Al-Ali-stamma som busette seg i Umm Al Quwain. Han blei busett på omtrent same tid som Al Ali-stamma flytta innover i landet frå øya Sinniyah, etter at ho var gått tom for vatn.[2]

Falaj Al Mualla er kjend for festningen sin og tre vakttårn i aust, nord og vest. Desse står vakt over den fruktbaer wadien her. Festningen blei bygd tidleg på 1800-talet av herskaren av Umm Al Quwain, Abdullah bin Rashid Al Mualla, og det same blei eit badehus på staden. Bygginga av festningen er blitt tidfesta til 1825.[3]

Aust- og vesttårna blei renoverte i 2007 og ein byrja å restaurera festningen i 2009. Denne prosessen blei fullført i 2015.[3] Badehuset blei restaurert i 2014. I dag ligg Falaj Al Mualla museum i festningen.[4]

Området er fruktbart med vasstilførsel frå akviferar som renn ned frå Hajarfjella. Falaj Al Mualla har ei lang historie som jordbruksstad, og det bur rundt 60 familiar som tradisjonelt har levd av å dyra 5 000 daddelpalmar ved oasen.[5] Forsøksgarden ved Digdaga, skipa i 1955, hadde to hektar med eksperimentelt beite her.[6] Det var også ved Falaj Al Mualla at den fyrste fjørfegarden i Emirata opna.[7]

  1. Heard-Bey, Frauke (2005). From Trucial States to United Arab Emirates : a society in transition. London: Motivate. ISBN 1860631673. OCLC 64689681. 
  2. «In UAQ Old Town, past and present collide». The National (på engelsk). Henta 14. oktober 2018. 
  3. 3,0 3,1 «Historic UAQ fort reopens for National Day». The National (på engelsk). Henta 27. oktober 2018. 
  4. «Falaj Al Mualla Museum». Arkivert frå originalen 19. mai 2022. Henta 6. juli 2021. 
  5. Heard-Bey, Frauke (2005). From Trucial States to United Arab Emirates : a society in transition. London: Motivate. s. 225. ISBN 1860631673. OCLC 64689681. 
  6. Heard-Bey, Frauke (2005). From Trucial States to United Arab Emirates : a society in transition. London: Motivate. s. 326. ISBN 1860631673. OCLC 64689681. 
  7. «Umm Al Quwain - The Official Portal of the UAE Government». government.ae (på engelsk). Henta 28. oktober 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Falaj Al-Mualla
Ørkenen rundt Falaj Al-Mu'alla