Distriktet Bregenz
Utsjånad
Distriktet Bregenz er eit forvaltningsdistrikt i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike som dekker den nord- og nordaustlege delen av forbundslandet. Distriktet har ei flatevidd på 863 km² og i kring 129 000 ibuarar (2013). Det grensar i nord til Tyskland med delstatane Baden-Württemberg og Bayern og i vest til kantonen St. Gallen i Sveits. Nabodistrikta er Dornbirn og Feldkirch i vest, Bludenz i sør, samt Reutte i forbundslandet Tirol i aust.
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Distriktet Bregenz omfattar 40 kommunar. To av kommunane har meir enn 10 000 ibuarar, dei minste under 300:
|
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Distriktet Bregenz» frå Wikipedia på bokmål, den 15. april 2014.