[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Distriktet Bülach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bülach
Bezirk Bülach
distrikt
Land  Sveits
Kanton kantonen Zürich
Hovudstad Bülach
Areal 185,19 km²
Folketal 131 692  (31. desember 2010)
Kommunar 22
Kart
Distriktet Bülach
47°40′00″N 8°34′00″E / 47.666666666667°N 8.5666666666667°E / 47.666666666667; 8.5666666666667
Kart som viser Distriktet Bülach.
Kart som viser Distriktet Bülach.
Kart som viser Distriktet Bülach.
Wikimedia Commons: Bülach (district)

Bülach er eit av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg nord i kantonen, og har grense til Tyskland i nord, og til ein enklave av kantonen Schaffhausen i nordaust. Bülach hadde 131 692 innbyggarar per 31. desember 2010, og dekker eit areal på 185 km². Byen Bülach, som ligg sentralt i distriktet, er hovudstad.

Distriktet omfattar av 22 kommunar. Fem kommunar har meir enn 10 000 innbyggarar, det er Kloten, Bülach, Opfikon, Wallisellen og Bassersdorf. Dei andre kommunane er Bachenbülach, Dietlikon, Eglisau, Embrach, Freienstein-Teufen, Glattfelden, Hochfelden, Höri, Hüntwangen, Lufingen, Nürensdorf, Oberembrach, Rafz, Rorbas, Wasterkingen, Wil og Winkel.