Det israelske flagget
Det israelske flagget er danna av ei blå davidsstjerne på kvit botn og to vassrette blå striper oppe og nede. Blåfargen i flagget varierer frå marineblå til lyseblå, på grunn av uklar flagglovgjeving. Flagget skal symbolisera ei davidstjerne på eit jødisk bønneskjerf (tallét).
Det israelske handelsflagget og orlogsflagget er ulike frå nasjonalflagget. Begge har heilt blå flaggduk, men handelsflagget har davidsstjerna i ein kvit oval nær stangen medan orlogsflagget har stjerna sett i ein ein kvit trekant plassert ved stangsida.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Flagget blei først vist under Rishon-LeZion i 1885, og så under den første sionistkongressen i Basel i Sveits i 1897. Det blei presentert av David Wolffsohn, og tok utgangspunkt i talléten.
Det blei offisielt flagg for Israel 28. oktober 1948, seks månader etter at Israel erklærte sjølvstende. Allereie ved denne fråsegna hadde David Ben-Gurion hatt flagget ved sida av seg då ho blei lesen opp.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Flag of Israel» (på engelsk). Science.co.il. Henta 16. desember 2008.
- Denne artikkelen bygger på «Israels flagg» frå Wikipedia på bokmål, den 15. mars 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om det israelske flagget ved Jewish Virtual Library (engelsk)