Deogiri
Utsjånad
(Omdirigert frå Daulatabad i Maharashtra)
Deogiri | |||
busetnad | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Deogiri 19°56′34″N 75°12′47″E / 19.942722222222°N 75.213163888889°E | |||
Wikimedia Commons: Daulatabad, Maharashtra |
Deogiri, eller Daulatabad, er ein busetnad i den indiske delstaten Maharashtra som er kjend for den gamle festningen sin. Folketalet var 8 303 ved folketeljinga i 2011.[1] Byen var hovudstad i eit mektig hindurike, Yadava- eller Seuna-dynastiet, men fall seinare i muslimske hender. I 1325 utpeika sultan Muhammed Tuqlak Deogiri, då kalla Daulatabad, til hovudstaden sin, og gav ordre om ei masseforflytting av folk frå Delhi til Daulatabad. Han gjorde om på avgjerda i 1334, og hovudstaden blei flytta tilbake til Delhi.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Office of The Registrar General & Census Commissioner, India; Tabulations Plan of Census Year – 2011/Primary Census Abstract/Urban Agglomeration. Henta 27. mars 2014.
- ↑ Raj Goswami (May 2015). «UID યુનિક ઈન્ડિયન ડોન્કી!» [UID Unique Indian Delhi]. Mumbai Samachar (på gujarati) (India). Arkivert frå originalen 18. mai 2015. Henta 23. juli 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Deogiri» frå Wikipedia på svensk, den 10. februar 2021.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene: Daulatabad i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1906)