Datarock
Utsjånad
Datarock | |||
Datarock på støttekonsert for brannoffer 26. september 2008 | |||
Opphav | Bergen i Noreg | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2000 – | ||
Sjanger | Dance-punk Synth rock Post-punk revival | ||
Plateselskap | Young Aspiring Professionals | ||
Medlemmer | Fredrik Saroea Ketil Mosnes | ||
Tidlegare medlemmer | Tom Mæland Kevin O'Brien |
Datarock er ei norsk musikkgruppe frå Bergen, som er ihopsett av medlemmane Fredrik Saroea og Ketil Mosnes. Gruppa vart skipa av dei to, i lag med Kevin O'Brien i 2000. Tom Meland kom med som ein fjerde medlem, før O'Brien slutta same året. Datarock gav ut eit par EP-ar før Meland også slutta i gruppa. Det første albumet frå Datarock, som heiter Datarock, vart gjeve ut i 2005 gjennom musikkgruppa sitt eige selskap; YAP (Young Aspiring Professionals).
Songen «Fa fa fa» frå albumet vart brukt i ein reklamefilm for Coca Cola.[1] Under konsertar pleier gruppa å ha med ekstra folk, mellom andre Tarjei Strøm frå Ralph Myerz and the Jack Herren Band på trommer. I 2007 gav gruppa ut oppfølgjaralbumet See What I Care.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Datarock (2005)
- See What I Care (2007)
- Red (2009)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Datarock» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mai 2009.
- ↑ Norsk band lager Cola-hit - frå TV2.no, arkivert frå originalen 10. oktober 2007, henta 21. juni 2009