Gramsh
Gramsh | |||
---|---|---|---|
Frå sentrum av Gramsh | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Elbasan | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
739 km² | ||
Innbyggjarar - By (2011) |
24 231[1] | ||
Koordinatar | 40°52′5″N 20°11′3″E / 40.86806°N 20.18417°E | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Plassering | |||
Gramsh kommune innafor regionen Elbasan |
Gramsh er ein by og ein kommune i regionen Elbasan i Albania. Kommunen ligg sentralt i landet og grensar i sørvest til regionen Berat, i søraust til regionen Korçë.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Gramsh vart slått saman med landkommunane Pishaj, Kodovjat, Kukur, Kushovë, Lenie, Poroçan, Skënderbegas, Sult og Tunjë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Gramsh.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Gramsh 8 440 innbyggjarar, medan dei ti kommunane som i dag utgjer storkommunen Gramsh, til saman hadde 24 231 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Gramsh ein del av distriktet Gramsh.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Gramsh.[2]