Brita Lid
Utsjånad
Brita Lid | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. januar 1893 Voss herad |
Død | |
Yrke | skribent |
Far | Ola G. Lid |
Brita Lid (28. januar 1893–9. mars 1979) var ein norsk lærar og forfattar frå Voss. Johannes og Nils Lid var brørne hennar.
Brita Lid tok eksamen artium i 1916 og gjekk den neste skulevinteren på Volda lærarskule. Åra 1918-20 var ho lærar ved Sørlandet kristelege ungdomsskule, så 1920/21 ved Grenland ungdomsskule og 1921/22 ved Sagavoll ungdomsskule. Frå 1922 til 1954 var ho lærar i folkeskulen i Volda.
Lid gav ut seks forteljingar og historiske romanar, i tillegg til éi diktsamling. Forteljinga Gjennom eld og vatn frå 1933 vart filmatisert same året.
Ho var frå 1946 styremedlem i Norsk kristeleg forfattarlag.
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Gunnvor, 1929
- Livet tek til, 1930
- Det dagast, 1931
- Gjennom eld og vatn, 1933
- Dvergsmedsteinar 1934 (dikt)
- Makter og herrevelde, 1937
- Stormtid, 1950
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957