[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Brian Connolly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brian Connolly

Fødd5. oktober 1945(1945-10-05)
FødestadGovanhill i Glasgow i Skottland
Død9. eller 10. februar 1997 (51 år)[1]
DødsstadSlough i England
FødenamnBrian Francis Connolly
OpphavHarefield i England
Aktiv1963–1997
SjangerGlamrock, hardrock, tyggegummipop, countryrock
Instrumentbass, gitar, tangentinstrument, vokal
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarThe Sweet
PlateselskapPolydor, Carrere, RCA
Verka somMusikar, songar-låtskrivar, skodespelar

Brian Francis Connolly (5. oktober 19459. februar 1997) var ein skotsk songar-låtskrivar, musikar og skodespelar, mest kjend som frontmann og songar i glamrockbandet The Sweet mellom 1968 og 1979.[1]

Connolly song i Sweet frå bandet vart skipa. I 1974 vart han hardt skadd i ein slosskamp på ein nattklubb i Staines og skadde halsen så pass at han ikkje kunne syngje på ei stund og permanent mista noko av rekkjevidda i røysta si. Connolly sleit òg med alkoholisme i midten av 1970-åra, og i 1979 vart han kasta ut av bandet.

I 1980-åra starta Connolly opp sin eigen variant av The Sweet, som han hadde fram til han døydde i 1997. Han gav òg ut soloalbum.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå diskografien til Sweet.

Som Brian Connolly

[endre | endre wikiteksten]
  • «Take Away the Music» med «Alabama Man» (1980) – Polydor Records
  • «Don't You Know a Lady» med «Phone You»(1980) – Polydor Records
  • «Hypnotized» med «Fade Away» (1982) – Carrere Records, RCA Records
  • Brian Connolly and The Sweet – Greatest Hits (1986) – nyinnspelingar av Sweet-singlar – Success Records
  • Let's Go (1995) – nyinnspelingar av Sweet-songar og tre nye songar – Bam Records
  • Take Away the Music (2004) – samleplate med solosinglar og demoar – Malibu Records

Deltek på

[endre | endre wikiteksten]
  • Closed (belgisk psykedelisk band) – vokal på «My Little Girl From Kentucky» og «Spider»
  • «Remember December» av Paper Dolls – korvokal (1970)
  1. 1,0 1,1 «Brian Connolly - Sweet No More». New Straits Times. s. 23. Henta 9. februar 2018.