Blue Suede Shoes
«Blue Suede Shoes» Singel av Carl Perkins | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. januar 1956 | |
Innspelt | 19. desember 1955 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 2:14 | |
Selskap | Sun Records | |
Komponist | Carl Perkins | |
Tekstforfattar | Carl Perkins | |
Låtskrivar(ar) | Carl Perkins | |
Produsent | Sam Phillips | |
Carl Perkins-kronologi | ||
«Gone, Gone, Gone» (1955) |
«Blue Suede Shoes» | «Tennessee» (1956)
|
«Blue Suede Shoes» Singel av Elvis Presley | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. september 1956 | |
Innspelt | 30. januar 1956 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 1:58 | |
Selskap | RCA Records | |
Komponist | Carl Perkins | |
Tekstforfattar | Carl Perkins | |
Låtskrivar(ar) | Carl Perkins | |
Produsent | Steve Sholes | |
Elvis Presley-kronologi | ||
«I Want You, I Need You, I Love You» (1955) |
«Blue Suede Shoes» | «I'm Counting on You» (1956)
|
«Blue Suede Shoes» («blå semska skinnsko») er ein rock and roll-standard skriven og først innspelt av Carl Perkins i 1955.
Opphavet til songen kom då Johnny Cash under ein turne med Perkins, Elvis Presley og andre frå Louisiana Hayride i Texas hausten 1955 fortalde om ein flysoldat som omtalte dei blå tenesteskoa sine som «blue suede shoes», og Cash foreslo at Perkins skulle skrive ein song om skoa. Perkins svarte. «Eg veit ikkje noko om sko. Korleis kan eg skrive ein song om sko?»[1]
Då Perkins spelte til dans 4. desember 1955 la han merke til eit par som dansa nær scenen. Han syntes jenta var særs vakker og merka seg at guten gjekk med blå semska skinnsko. Medan dei dansa skal guten ha sagt «don't step on my suedes» («ikkje trø på skoa mine»). Perkins forfjamsa over at ein gut tykte meir om skoa sine enn denne vakre jenta.[2] Seinare på kvelden skreiv Perkins songen.[3]
Songen vart spelt inn nokre veker seinare og produsent Sam Phillips føreslo at Perkins skulle endre linja «go boy go» til «go cat go».
Perkins sin singel
[endre | endre wikiteksten]Carl Perkins si originale utgåve av songen vart gjeve ut 1. januar 1956. Songen vart gradvis spelt meir på radio og Perkins spelte songen på konsertane sine tidleg på året. På veg til New York City kolliderte Perkins og bandmedlemmene hans. Sjåføren omkom Perkins og broren hamna på sjukehus. Med han låg her gjekk singelen heilt til topps i fleire regionar av USA og til 2. plass på Billboard-lista. Elvis sin «Heartbreak Hotel» låg på førsteplass. I midten av april var det seld meir enn ein million eksemplar av «Blue Suede Shoes».[4] «Blue Suede Shoes» var den første countrysonngen som selde over ein million som gjekk inn på både rhythm and blues og pop-listene.[5]
Elvis-utgåva
[endre | endre wikiteksten]Både Perkins og Presley starta karrierene sine på Sun Records hos Sam Phillips, men Presley spelte inn songen tidleg i 1956 etter at Sun-kontrakten hans vart kjøpt opp av RCA Victor. Presley si utgåve vart spelt inn i RCA Studios i New York, med Presley på vokal og rytmegitar og Scotty Moore på sologitar, Bill Black på bass og D.J. Fontana på trommer. RCA sin produsent Steve Sholes lovde Phillips å ikkje gje ut songen, medan Carl Perkins sin versjon framleis låg på listene.[6]
Elvis spelte songen tre gonger på nasjonalt fjernsyn våren 1956, to gonger på the Dorsey Brother's Stage Show og ein gong på the Milton Berle Show. Songen vart gjeve som opningssong på det første albumet til Elvis, Elvis Presley, som kom i mars.
RCA gav Presley si utgåve av songen ut i 8. september.[7] Singelen nådde 20. plass på singellista.
I 1960 spelte Presley songen inn på nytt igjen for filmmusikken til filmen G.I. Blues.
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]«Blue Suede Shoes» vart vald ut av Rock and Roll Hall of Fame som ein av 500 songar som forma Rock and roll. Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte Carl Perkins si utgåve på 95. plass over dei 500 største songane gjennom tidene, medan Elvis si utgåve hamna på 423. plass.
Andre utgåver
[endre | endre wikiteksten]Songen er ein rock and roll-standard og har vorte spelt inn av mange andre artistar, mellom anna
- 1955 Carl Perkins, US #1
- Buddy Holly
- 1956 Elvis Presley
- 1958 Cliff Richard
- The Beatles
- Eddie Cochran
- Jimi Hendrix
- Johnny Rivers, US #38, 1973
- John Lennon spelte songen på konsertar
- Bill Haley & His Comets i 1960 og i 1972
- Albert King
- Lemmy and The Upsetters med Mick Green
- Black Sabbath
- Brian Setzer
- Jerry Lee Lewis
- The Toy Dolls
- Helloween
- Stray Cats
- Los Super Reyes
- Hurriganes
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Rockabilly Legends av Jerry Naylor og Steve Halliday s.131
- ↑ Robert Rodriguez, The 1950s' Most Wanted: The Top 10 Book of Rock & Roll Rebels, Brassey's, s.90
- ↑ Go, Cat, Go! av Carl Perkins og David McGee 1996 s130 Hyperion Press ISBN 0-7868-6073-1
- ↑ Go, Cat, Go! av Carl Perkins og David McGee 1996 s.187 Hyperion Press ISBN 0-7868-6073-1
- ↑ NPR om Blue Suede Shoes
- ↑ "Go, Cat, Go! av Carl Perkins og David McGee 1996 s.162, 163 Hyperion Press ISBN 0-7868-6073-1
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 24. januar 2010, henta 5. desember 2009
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- NPR-soge om Blue Suede Shoes
- Carl Perkins spelar songen på TV i 1956 Arkivert 2008-07-23 ved Wayback Machine.
96: «Great Balls of Fire» Jerry Lee Lewis |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 95 «Blue Suede Shoes» Carl Perkins |
94: «Good Golly Miss Molly» Little Richard |
431: «William, It Was Really Nothing» The Smiths |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 430 «Blue Suede Shoes» Elvis Presley |
429: «Piano Man» Billy Joel |
- Songar frå 1955
- Singlar frå 1956
- Singlar frå 1973
- Songar skrivne av Carl Perkins
- Carl Perkins-songar
- Elvis Presley-songar
- Eddie Cochran-songar
- Bill Haley-songar
- Buddy Holly-songar
- The Dave Clark Five-songar
- The Beatles-songar
- Jerry Lee Lewis-songar
- Johnny Rivers-songar
- Jimi Hendrix-songar
- Johnny Cash-songar
- Dion DiMucci-songar
- Bruce Springsteen-songar
- Grateful Dead-songar
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Pat Boone-songar
- Songar produserte av Sam Phillips
- United States National Recording Registry-innspelingar
- Grammy Hall of Fame Award
- Songar produserte av Stephen H. Sholes
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone
- Ry Cooder-songar