BBC One
Utsjånad
(Omdirigert frå BBC1)
| |||
Lansert | 2. november 1936 | ||
---|---|---|---|
Eigd av | British Broadcasting Corporation | ||
Land | Storbritannia | ||
Språk | engelsk | ||
Hovudkontor | London | ||
Nettstad | https://www.bbc.co.uk/bbcone/ |
BBC One (tidlegare: BBC1) er den eldste fjernsynsstasjonen i verda. Han er den fyrste, og i byrjinga den einaste, kanalen til BBC og byrja å kringkaste regulære sendingar som BBC Television Service 2. november 1936. BBC hadde på førehand kringkasta prøvesendingar i mange format sidan 1929. Stasjonen hadde monopol på fjernsynssendingar i Storbritannia fram til 1955 då ITV byrja sendingane sine. Han er ein av dei viktigaste kanalane i Storbritannia og tilbyr eit stort utval av nyhende, komediar, drama, konkurransar, barneprogram, kunst og nokre utdanningsprogram og religiøse program.