Aust-Beskidane og Dei ukrainske Karpatane
Aust-Beskidane og Dei ukrainske Karpatane er ei geologisk gruppe fjellkjeder i Ytre Aust-Karpatane, som hovudsakleg ligg i Ukraina. Regionen omfattar fjella heilt søraust i Polen og heilt aust i Slovakia, og dei strekkjer seg frå her sørover gjennom det vestlege Ukraina til grensa til Romania.
Mange tradisjonar, språk og nasjonalitetar har utvikla overlappande variantar for inndeling og namn av desse fjellkjedene. Det polske namnet for heile regionen er Beskidy Wschodnie, Aust-Beskidane, det slovakiske namnet er Poloniny; og ukrainarane kallar fjella Dei ukrainske Karpatane.
Ved trepunktsgrensa dannar delar av dei slovakiske Bukovecfjella (Bukovské vrchy), polske Bieszczadyfjella (Bieszczady Zachodnie) og den tilstøyttande Uzjansky nasjonalpark og Nadsianskyj regionale landskapspark i Ukraina den fleirnasjonale Aust-Karpatane biosfærereservat.
Delar
[endre | endre wikiteksten]Fjellrekkjer i denne gruppa er
- dei slovakiske Bukovecfjella (Bukovské vrchy)
- dei polske Bieszczadyfjella (Bieszczady Zachodnie)
- Góry Sanocko-Turczańskie, langs den polsk-ukrainske grensa
- Skole Beskidane (UA: Skolivs'ki Beskydy), delvis eller fullstendig òg kalla Høge Beskidane (Vysoki Beskydy); delar av (ukrainsk) Aust-Beskidane (Skhidni Beskydy)
- Øvre Dnestr-Beskidane (UA: Verkhn'odnistrovs'ki Beskydy), del av (ukrainsk) Aust-Beskidane (Skhidni Beskydy)
- Gorgany (UA)
- Pokuttya-Bucovina-Karpatane (UA, Pokuts'ko-Bukovins'ki Karpaty)
- Verkhovyna-Karpatane
- Glatte Polonyna (Polonyna Rivna)
- Polonyna Borzjava
- Polonyna Kuk
- Vakre Polonyna (Polonyna Krasna)
- Svydovets
- Tsjornohora (Svartfjella), med det høgaste fjellet i Ukraina, Hoverla
- Hrynjavfjella
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eastern Beskids and the Ukrainian Carpathians» frå Wikipedia på engelsk, den 7. september 2012.