Atlasov
Atlasov/Alaid | |||
fjell | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Område | Kurilane | ||
Fjelltype | Stratovulkan | ||
Høgd | 2 339 moh. | ||
Areal | 119 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Siste utbrot | 1996 | ||
Koordinatar | 50°51′29″N 155°33′00″E / 50.858°N 155.55°E | ||
Atlasov 50°52′00″N 155°34′00″E / 50.866666666667°N 155.56666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Atlasov Island |
Atlasov (japansk Araido) er den nordlegaste øya og vulkanen i Kurilane, ein del av Sakhalin oblast i Russland. Han er òg den høgaste vulkanen i øygruppa med ei høgd på 2339 meter over havet. Andre namn på øya er Ujakhuzjatsj, Oyakoba og Alaid.
Øya er kalla opp etter Vladimir Atlasov, ein russisk utforskar frå 1600-talet som erklærte Kamtsjatkahalvøya ein del av Russland. Øya er i hovudsak ei vulkankjegle som stikk opp av havet i Okhotskhavet. Øya har eit areal på 119 km² og er i dag ikkje busett.
Den nær perfekte forma på øya har ført til mange segner om vulkanen hos folka som lever i regionen, som itelmenar og det kurilliske ainu-folket. Den russiske forskaren Stepan Krasjeninnikov vart fortalt ei soge om at fjellet ein gong låg i Kamtsjatka, men at nabofjellet vart sjalu på det vakre fjellet og forviste det til havet. Dette skapte Kurilesjøen sør på Kamtsjatka.
Japanaren Ito Osamu skildra fjellet i 1926 som meir utsøkt i forma enn Fuji-fjellet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Atlasov Island» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Global Volcanism Program Arkivert 2010-02-01 ved Wayback Machine.