[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Alenka Bratušek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alenka Bratušek

Fødd31. mars 1970 (54 år)
Celje
Statsborgar avSlovenia
PartiPozitivna Slovenija
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom
Utdanna vedUniversitetet i Ljubljana
BarnOskar Cvjetičanin
VervStatsminister i Slovenia 2013–2014
FøregangarJanez Janša
EtterfylgjarMiro Cerar
Alle verv
  • Member of the National Assembly of Slovenia (2014–2015)
  • Minister of Infrastructure (2018–2020)
  • Slovenias statsminister (2013–2014)
  • Member of the National Assembly of Slovenia (2021–)
  • Member of the National Assembly of Slovenia (2011–2013)
  • Minister of Infrastructure (2023–) Sjå dette på Wikidata

Alenka Bratušek (fødd 31. mars 1970 i Celje) er ein slovensk politikar som representerer Pozitivna Slovenija (PS). Ho var statsminister frå februar 2013 til september 2014,[1] og var den fyrste kvinnelege statsministeren i Slovenia sidan sjølvstendet i 1991.[2]

Alenka Bratušek har ein mastergrad i administrasjon frå universitetet i Ljubljana. Etter studietida arbeidde ho i seks år som leiar for statsbudsjettdirektoratet ved det slovenske finansdepartementet.

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Bratušek freista å koma inn på nasjonalforsamlinga for partiet Zares i 2008, men utan hell. Under valet i 2011 vart ho innvald som parlamentsmedlem som representant for Pozitivna Slovenija. Sidan dette valet har Bratušek vore formann for parliamentet sin budsjettskontrollkomitté.

I 2013 vart Bratušek sett som midlertidig leiar for Pozitivna Slovenija etter at forgjengaren Zoran Janković trekte seg frå alle verv grunna ein rapport frå komitéen som arbeider mot korrupsjon i landet. Som følgje av den same rapporten vart koalisjonsregjeringa til Janez Janša (det slovenske demokratiske partiet), vist mistillit. Pozitivna Slovenija, Sosialdemokratane, Dei liberale og Pensjonistpartiet bestemte seg for å nytta Bratušek som ny statsministerkandidat. Den 27. februar fekk den politisk ukjende Alenka Bratušek i oppdrag å danna ny regjering i Slovenia i løpet av to veker.[3]

Regjeringa Bratušek stod klar etter ei avrøysting den 20. mars, der 52 av 90 folkerepresentantar røysta for den nye koalisjonsregjeringa. Regjeringa stod framfor store utfordringar grunna økonomiske vanskar i landet.[4]

Alenka Bratušek er busett i Kranj med sambuaren sin. Ho har ein son og ei dotter.[5]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Alenka Bratušek