Aimé Césaire
Aimé Césaire | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 26. juni 1913 Basse-Pointe |
Død |
17. april 2008 (94 år) |
Yrke | politikar, lyrikar, skribent, skodespelforfattar |
Språk | fransk, antiller-kreolsk |
Politisk parti | Det franske kommunistpartiet, Martinican Progressive Party, Parti socialiste |
Medlem av | Bayerische Akademie der Schönen Künste, Académie des sciences d'outre-mer |
Ektefelle | Suzanne Césaire |
Born | Ina Césaire |
Aimé Césaire på Commons |
Aimé Fernand David Césaire (26. juni 1913–17. april 2008) var ein franskspråkleg forfattar, poet og politikar frå Martinique, eit fransk oversjøisk departement. Han er rekna som ein av grunnleggjarane av rørsla kjend som négritude i franskspråkleg litteratur.[1]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Aimé Césaire var fødd i Basse-Pointe nord på Martinique i 1913. Faren var skatteinnkrevjar og mora var sydame. Familien flytta til hovudstaden på øya, Fort-de-France, for at Césaire skulle kunna gå på den einaste vidaregåande skulen der, lycée Victor Schœlcher.[2]
Césaire kom til Paris i 1931 med eit stipend for å studera ved Lycée Louis-le-Grand. I 1935 bestod han opptakseksamenen til École normale supérieure, og blei elev der. Han grunnla tidsskriftet L'etudiant noir i lag med Léopold Sédar Senghor frå Senegal og Léon Damas frå Fransk Guyana. Dei skapte rørsla og omgrepet négritude med manifest i den tredje utgåva av tidsskriftet.
I 1934 blei Césaire invitert til Jugoslavia av vennen Petar Guberina. Medan han var i Šibenik byrja han skriva diktet Cahier d'un retour au pays natal, som var eit av dei fyrste uttrykka for omgrepet négritude.[3]
I 1939 vende han tilbake til Martinique for å undervisa ved lycée Schœlcher, i lag med kona Suzanne Roussi, som han hadde møtt under studiane. Her underviste han Frantz Fanon, som han fekk stor påverknad på.[4] Césaire var også ei inspirasjonkjelde for forfattaren Édouard Glissant, sjølv om han ikkje var læraren hans.
I 1941 skipa Césaire og kona tidsskriftet Tropiques, der dei og andre lokale intellektuelle skreiv dikt og prosa, både fiksjon og sakprosa, for å støtta karibisk kultur og stå imot det nazistvennlege Vichy-regimet. I tillegg til bidrag frå ekteparet Césaire skreiv mellom anna René Ménil, Charles Péguy og André Breton for bladet.
Césaire sat i den franske nasjonalforsamlinga frå 1945 til 1993 og var leiar for det regionale rådet på Martinique frå 1983 til 1988. Han blei òg borgarmeister i Fort-de-France, ei stilling han hadde i 56 år, frå 1945 til 2001. Han var opphavleg medlem av det franske kommunistpartiet, men etter at Sovjetunion slo ned oppstanden i Ungarn i 1956 braut han med partiet, som han meinte gjekk ærendet til kolonialismen.[5] Han skipa Parti progressiste martiniquais i 1958.
Den internasjonale flyplassen på Martinique, Aéroport International Martinique Aimé Césaire, fekk namn etter han i 2007.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Poesi
[endre | endre wikiteksten]- 1939: Cahier d'un retour au pays natal, Paris: Volontés, OCLC 213466273.
- 1946: Les armes miraculeuses, Paris: Gallimard, OCLC 248258485.
- 1947: Cahier d'un retour au pays natal, Paris: Bordas, OCLC 369684638.
- 1948: Soleil cou-coupé, Paris: K, OCLC 4325153.
- 1950: Corps perdu, Paris: Fragrance, OCLC 245836847.
- 1960: Ferrements, Paris: Editions du Seuil, OCLC 59034113.
- 1961: Cadastre, Paris: Editions du Seuil, OCLC 252242086.
- 1982: Moi, laminaire, Paris: Editions du Seuil, ISBN 978-2-02-006268-8.
- 1994: Comme un malentendu de salut ..., Paris: Editions du Seuil, ISBN 2-02-021232-3
Drama
[endre | endre wikiteksten]- 1958: Et les Chiens se taisaient, tragédie: arrangement théâtral. Paris: Présence Africaine; reprint: 1997.
- 1963: La Tragédie du roi Christophe. Paris: Présence Africaine; opptrykk 1993; The Tragedy of King Christophe, New York: Grove, 1969.
- 1969: Une Tempête, omarbeiding av Stormen av William Shakespeare: adaptation pour un théâtre nègre. Paris: Seuil; opptrykk 1997; A Tempest, New York: Ubu repertory, 1986.
- 1966: Une Saison au Congo. Paris: Seuil; opptrykk 2001; A Season in the Congo, New York, 1968 (eit drama om Patrice Lumumba).
Andre tekstar
[endre | endre wikiteksten]- 1945: «Poésie et connaissance», Tropiques (12), s. 158–170.
- 1955: Discours sur le colonialisme, Paris: Présence Africaine, OCLC 8230845.
- 1957: Lettre à Maurice Thorez, Paris: Présence Africaine, [24. oktober 1956].[6]
- 1960: Toussaint Louverture: La Révolution française et le problème colonial, Paris: Club français du livre, OCLC 263448333.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Heller, Ben A. (2004): «Césaire, Aimé» i: Balderston, Daniel et al. (red.): Encyclopedia of Latin American and Caribbean Literature, 1900-2003, London: Routledge, s.128-130, 128.
- ↑ Micklin 2008.
- ↑ Piškur 2019, s. 12.
- ↑ Getachew & Mantena 2021, s. 364.
- ↑ PaxLeksikon. Oslo: Pax forlag. ISBN 8253009763.
- ↑ «Lettre à Maurice Thorez». Collectif: Les Mots Sont Importants. 18. april 2008.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- «Aimé Césaire, Martinique Poet and Politician, Dies at 94». The New York Times. Associated Press. 18 April 2008. Arkivert frå originalen 4. november 2011.
- «Caribbean poet Cesaire dies at 94». BBC News. 17 April 2008. Arkivert frå originalen 2. mars 2021.
- «Le document qui a lancé le mouvement de la négritude - Conscience Raciale et Révolution Sociale d'Aimé Césaire.» [The document that launched the Négritude movement - Racial Consciousness and Social Revolution by Aimé Césaire.]. l'Etudiant Noir (på fransk). Arkivert frå originalen 16. oktober 2021. Henta 4. september 2021.
- Ferguson, James (20 April 2008). «Obituary: Aimé Césaire». The Guardian. Arkivert frå originalen 23. juni 2022. «Césaire was born at Basse-Pointe, a small town on Martinique's north coast [. . .] His family was part of the island's small, black middle class, with his father employed as a tax inspector.»
- Lanzi, Carla Bucero (4 December 2021). «Portraits de France: une exposition rend hommage aux grandes figures des Outre-mer et de l'immigration» [Portraits of France: an exhibition pays tribute to the great figures of the Overseas Territories and immigration]. Portail des Outre-mer La 1ère (på fransk) (La Première). Arkivert frå originalen 3. april 2022.
- Lotem, Itay (25 January 2016). «A decade after the riots, France has rewritten its colonial history». The Conversation. Arkivert frå originalen 6. mai 2022.
- Micklin, Anna (23 May 2008). «Aimé Césaire (1913-2008)». BlackPast.org. Arkivert frå originalen 4. mai 2022.
- Storey, Thomas (5 November 2013). «Some Thoughts on Aimé Césaire: The Father of Négritude». Culture Trip. Arkivert frå originalen 9. oktober 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Aimé Césaire» frå Wikipedia på bokmål, den 31. juli 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Aimé Césaire» frå Wikipedia på engelsk, den 31. juli 2023.