Skjoldblomslekta
Skjoldblomslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Kjempefamilien Plantaginaceae |
Slekt: | Skjoldblomslekta Chelone L., 1753 |
Skjoldblomslekta er ei slekt med 4 artar[1] av fleirårige, urteaktige plantar i kjempefamilien som veks naturleg i austre del av Nord-Amerika.[1][2] Dei har opprett vekst og motsette, heile blad. Alle artane har lik form på blomen, som kan variere i farge frå kvit til raud, purpur eller lilla.[1] C. cuthbertii, C. glabra og C. lyonii er diploide og C. obliqua er anten tetraploid eller heksaploid.[1] Blomane er samla i endestilte blomsterstandar. Dei einskilde blomane er 5-tallige og sterkt uregelmessige med samanvaksne, oppblåste kroner. Fruktene er todelte kapslar med mange frø.
Slektskap til andre plantar
[endre | endre wikiteksten]Dei næraste slektene til skjoldblomslekta er Chionophila og Nothochelone frå det vestlege Nord-Amerika.[1] Ho er òg nærare i slekt med Collinsia enn med andre slekter i kjempefamilien som Antirrhinum, Plantago og Digitalis.[3]
Artar
[endre | endre wikiteksten]- Snauskjoldblom (Chelone glabra) har størst utbreiing av artane i slekta: frå Georgia til Newfoundland og frå Mississippi til Manitoba;[4] medan dei andre tre finst i meir avgrensa område. I Noreg er han rekna som framandart med låg risiko (LO) i Framandartslista 2018.[5]
- Chelone lyonii finn ein i Blue Ridge i Tennessee, North Carolina og South Carolina.[1]
- Chelone cuthbertii finn ein i to område: Blue Ridge i North Carolina og kystsletta i Virginia.[1]
- Skjoldblom (Chelone obliqua) finn ein som tetraploid i Blue Ridge, eller heksaploid i to område: Tennessee til Arkansas og Michigan, eller den atlantiske kystsletta frå South Carolina til Maryland.[1] Slektskapen mellom dei ulike populasjonane er komplisert og det ser ut til at C. obliqua faktisk har oppstått fleire gongar frå diploide forfedrar av dei andre tre artane.[1] Dei fire artane ser ut til å ha skilt lag ganske nyleg.[1] I Noreg er han rekna som framandart med låg risiko (LO).[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 Allan D. Nelson; Wayne J. Elisens (1999). «Polyploid evolution and biogeography in Chelone (Scrophulariaceae): morphological and isozyme evidence». American Journal of Botany (Botanical Society of America) 86 (10): 1487–1501. JSTOR 2656929. PMID 10523288. doi:10.2307/2656929.
- ↑ «Chelone L.».
- ↑ Olmstead, R. G., dePamphilis, C. W., Wolfe, A. D., Young, N. D., Elisons, W. J. & Reeves P. A. (2001). «Disintegration of the Scrophulariaceae». American Journal of Botany (Botanical Society of America) 88 (2): 348–361. JSTOR 2657024. PMID 11222255. doi:10.2307/2657024. Arkivert frå originalen 26. juni 2010. Henta 15. august 2012.
- ↑ «Chelone glabra». PLANTS.
- ↑ 5,0 5,1 «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 27. februar 2023.