[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Cape Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cape Brown
nes
Land  Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - koordinatar 69°16′S 69°45′W / 69.267°S 69.750°W / -69.267; -69.750
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Cape Brown
69°16′00″S 69°45′00″W / 69.2667°S 69.75°W / -69.2667; -69.75
Cape Brown is located in Antarktis
Cape Brown (Antarktis)

Cape Brown er eit kjenneleg, isdekt nes 5,5 nautiske mil nord-nordaust for toppen av Mount Nicholas (heilt nord i Douglas Range), og markerer austsida av innløpet til Schokalsky Bay på nordaustkysten av Aleksanderøya. Det vart oppdaga frå avstand av Den franske antarktisekspedisjonen under Jean-Baptiste Charcot i 1909, men kartlagd som ein del av ei lita øy. Det vart fotografert frå lufta i 1937 av British Graham Land Expedition under Rymill og seinare grovt kartlagd frå bilete. Det vart kartlagd frå bakken i 1948 av Colin C. Brown i Falkland Islands Dependencies Survey ved Stonington Island, 1948–49, som neset er kalla opp etter.[1]

  1. «Brown, Cape». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 21. oktober 2012. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Brown, Cape» (innhald frå Geographic Names Information System).