Øya Saba
Det sabanske flagget | Det sabanske våpenet |
Status | nederlandsk oversjøisk territorium |
---|---|
Guvernør | Jonathan Johnson |
Hovudstad | The Bottom |
Offisielt språk | Nederlandsk, engelsk |
Areal - % vatn |
13 km² 0 |
Folketal - totalt |
ca. 1824 (2010) |
Verdsdel | Nord-Amerika |
Internet-domene | .an, .nl |
Tidssone | UTC -4 |
Internasjonal telefonkode | +599 |
Nasjonalsong | Saba you rise from the ocean |
Saba er ei nederlandsk vulkansk øy i Karibia.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Øya var tidlegare ein del av eininga dei nederlandske antillane, som vart oppløyst i 2010. Saba er ei lita øy på berre 13 km². Ho er med det den minste eininga som er direkte underlagt Nederland. Det høgaste punktet på øya er vulkanen Mount Scenery, 877 moh. Mount Scenery er det høgaste punktet ikkje berre på Saba, men i heile kongeriket Nederlanda.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Arkeologane har funne restar etter urfolk på Saba, men då britiske skipbrotne redda seg i land på øya i 1623, var ho ubusett. Historisk har Saba vore ei omstridt øy mellom Storbritannia, Frankrike og Nederland, men har tilhøyrt Nederland samanhengjande sidan 1816. Av di Storbritannia gjerne sendte «uynskte» personar til dei karibiske øyane, var Saba ei tid kjend for å husa mange piratar.
Samfunn
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane på Saba i dag har eit svært blanda opphav, med både skotske, nederlandske, irske og afrikanske forfedrar. Dei fleste øybuarane er romersk-katolske. Sabanarane er tospråklege med nederlandsk og engelsk. Øya er vel utbygd med både skular, veg, administrasjonshus, ein liten flyplass og ferje.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Saba» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juni 2012.