[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Ørja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ørja er ei øy i Senja kommune i Troms. Øya ligg i Andfjorden, sørvest for GrunnfarnesSenja. Ørja har eit areal på om lag 0,5 km², og det høgaste punktet på øya er 107 moh.

Ørja var tidlegare fiskevær, med busetnad i mange hundre år. Størst var aktiviteten rundt 1900, då det budde 21 menneske på øya. Sidan 1919 har derimot øya vore fråflytta.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]