[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Šar Planina

Koordinatar: 42°00′N 20°44′E / 42.000°N 20.733°E / 42.000; 20.733
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Šar)
«Sharr» omdirigerer hit. For kommunen i Kosovo som stundom blir omtalt med dette namnet, sjå Dragash.
Šar Planina
fjell
Šar Planina
Land  Nord-Makedonia,  Kosovo
Høgd 2 540 moh.
Koordinatar 42°00′N 20°44′E / 42.000°N 20.733°E / 42.000; 20.733
Kart
Šar Planina
42°00′00″N 20°44′00″E / 42°N 20.733333333333°E / 42; 20.733333333333
Wikimedia Commons: Šar Mountains

Šar Planina (albansk Malet e Sharrit, makedonsk Шар Планина) er ei fjellkjede i Nord-Makedonia og Kosovo. Fjellkjeda er om lag 80 km lang og 10-20 km brei. Ho har fleire høge toppar:

  • Titov Vrv (2 747 m), den høgaste toppen
  • Turtsin (2 702 m)
  • Borislave (2 662 m)
  • Rudoka (2 610 m)
  • Ljuboten (2 498 m)
  • Piribeg

Šar strekkjer seg til Korab (2 764 m) i sørvest og vidare nordaustover til Albania.

Av vegetasjon på fjellet finn ein avlingar opp til kring 1 000 meter, skog opp til 1 700 meter og over dette fjellenger som dekkjer rundt 550 km². Šar Planina er det største kompakte området i Europa med slike enger.

Šar nasjonaplark er eit område i Kosovo og dekker 380 km² på nordsida av Šar. Nasjonaparken vernar mellom anna om den endemiske makedonske furua og kvitbarka furu, i tillegg til alperose. Av dyreliv finn ein gaupe, bjørn, gemse, ulv, rådyr, villsvin og andre artar.

Nasjonalparken inneheld mange elvar som renn gjennom kommunane Štrptse, Theranda, Kaqanik og Prizren, Jegunovtse, Teartse, Dzeptsiste, Tetovo og Gostivar (i Nord-Makedonia).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]