Vinstra
Utsjånad
Vinstra | |||
stad | |||
Vinstra stasjon
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Nord-Fron | ||
Areal | 3,09 km² | ||
Folketal | 2 637 (2023) | ||
Folketettleik | 853 / km² | ||
Postnummer | 2640 VINSTRA | ||
Preposisjon | på Vinstra | ||
Ferdselsårer | E6 Dovrebanen | ||
Vinstra 61°36′N 9°45′E / 61.6°N 9.75°E | |||
Wikimedia Commons: Vinstra (town) |
Vinstra er ein tettstad og småby i Gudbrandsdalen som er administrasjonssenter i Nord-Fron kommune i Innlandet fylke. Vinstra har 2 637 innbyggjarar per 1. januar 2023 og kommunen vedtok å nemne staden som by frå og med 1. september 2013. Han voks fram som ein stasjonsby ved Dovrebanen frå 1896.
Byen ligg der elva Vinstra renn ut i Gudbrandsdalslågen, ved hovudårene mellom Oslo og Trondheim, E6 og Dovrebanen. Tettstaden voks fram som ein stasjonsby etter at stasjonen ved bana opna i 1896.
Folketalsutvikling på Vinstra | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1920 | 200 | |||
1930 | 285 | |||
1946 | 395 | |||
1950 | 515 | |||
1960 | 761 | |||
1970 | 1 410 | |||
1980 | 2 115 | |||
1990 | 2 172 | |||
2000 | 2 455 | |||
2009 | 2 470 | |||
2012 | 2 499 | |||
Kjelder: |
Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.