Tundzja
Utsjånad
Tundzja | |||
Tunca | |||
elv | |||
Tunca ved Edirne i Tyrkia
| |||
Land | Bulgaria, Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 7 884 km² | ||
Lengd | 350 km | ||
Kjelde | Aust for fjelltoppen Botev i Balkanfjella i Bulgaria | ||
Munning | Maritsa i Edirne i Tyrkia | ||
Tundzja 42°38′26″N 24°58′45″E / 42.640555555556°N 24.979166666667°E | |||
Wikimedia Commons: Tundzha River |
Tundzja (bulgarsk Тунджа, tyrkisk Tunca) er ei elv i Bulgaria og Tyrkia, og den største sideelva til Maritsa. Dei renn i hop nær Edirne i Tyrkia.
Elva har sitt utspring i sentrale område av Balkanfjella, nord for Kalofer, og renn så austover før ho brått snur sørover før Jambol. Slik renn ho heilt til ho munnar ut i Maritsa. Lengda til Tundzja innanfor Bulgaria er 350 km. Ho har om lag 50 sideelvar, og dei viktigaste av desse er Motsjuritsa, Popovska og Sinapovska.
Av landsbyar langs breidda av elva finn ein Kalofer, Jambol og Elkhovo.