[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Skal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Hønseegg har skal.

Skal er eit hardt dekke som ligg i eit lag rundt ein ting, til dømes frukt og grønsaker, egg, dyr eller bygde eller tenkte konstruksjonar.[1] Skal blir ofte brukt som vern for innmat innanfor. Tilsvarande yter som er tynne og ettergjevande kan vera skinn eller hinne.

Arkitektur

Skalkonstruksjon ved TWA Flight Center, teikna av Eero Saarinen, ved John F. Kennedy International Airport i New York.

Skal eller skalkonstruksjon innan konstruksjonsteknikk er krumme eller dobbeltkrumme takkvelv over bygningar som hangarar og fabrikkhallar der spennvidda er stor. Vanlegvis bruker ein armert betong til slike konstruksjonar, men ein kan også bruka trevirke.[2]

Biologi

Tørka skal frå det tropiske treet Couroupita guianensis (engelsk Cannon-ball tree).

I dyreverda finn ein skal utanpå fleire organismar, som visse blautdyr (som snigel), leddyr (som krabbe) eller skjel, det siste har samanheng med ordet skal. Mange egg som blir lagde for å klekkast seinare har eggeskal. Slike skal er ofte bygde opp av kalk og er harde, med ei fast form.

Planteprodukt som frukt, grønsaker og knollar har ofte tjukke skal som er mjukare enn dyreskala. Dette kan ofte skrellast vekk for hand eller med ein reiskap. Ofte er skalet også her mest eit vern for innmaten, men til dømes potet bruker det til å lagra næringsstoff i.

Kjemi og datavitskap

«Skal» finst også i overført tyding, som elektronskal, eit tenkt skal laga av elektron rundt eit atom, og grunnleggjande dataprogram som ein brukar kommuniserer med eit operativsystem med, sjå Unix-skal.

Kjelder

  1. «skal» i Nynorskordboka.
  2. «skall». Store norske leksikon (på norsk). 30. juni 2014.