Ikkjevald
Ikkjevald eller ikkje-vald viser til ulike tankesett og strategiar som avviser fysisk vald som verkemiddel for å nå eit mål, men som samtidig er retta mot å oppnå politisk eller sosial endring. Ikkjevald kan dermed reknast som eit alternativ til både passiv aksept av undertrykking og til valdeleg, væpna eller militær kamp mot denne.
Utøvarar av ikkjevald kan nytta ulike metodar i sine kampanjar, som demonstrasjonar, opprop, opplysingsarbeid, streik, sveltestreik, blokadar, boikott, sivil ulydnad og ikkje-deltaking, det vil seia å aktivt motsette seg samarbeid med og deltaking i visse samfunnsinstitusjonar.
Historie
Mahatma Gandhi lanserte ikkjevald ut frå det indiske religiøse omgrepet ahimsa, som tyder 'utan vald'. Gandhi stilte ikkje-vald opp mot vald og krig som politisk metode. For han var ikkjevald ei aktiv inngriping, og omgrepet skil seg derfor frå passive protestar og mot pasifismen, som berre vegrar seg mot å delta i vald.
Sjå òg
- Pasifisme
- Sabotasje
- Sivil ulydnad
- Sivilmotstand
- Ikkevold, eit tidsskrift gjeve ut av Folkereisning mot krig (FMK) sidan 1968
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ikkevold» frå Wikipedia på bokmål, og «Icke-våld» frå Wikipedia på svensk den 27. mars 2016.
Bakgrunnsstoff
- Om «Ikkevold» i det politiske Pax Leksikon frå 1976-1982 Arkivert 2004-12-15 ved Wayback Machine.
- Jørgen Johansen: Sosialt forsvar (PDF), bok med historiske døme på pasifistiske og ikke-voldelige aksjonsformer.[daud lenkje]
- Why Nonviolence: Introduction to Theory and Strategy, by Bob Irwin and Gordon Faison
- FN-resolusjon om ein internasjonal dag for ikkjevald, 2. oktober.