Fyllitt
Utsjånad
Fyllitt eller leirglimmerskifer er ein bergart som har oppstått ved omdanning eller metamorfose av leirskifer. Han liknar på glimmerskifer, men er ikkje så sterkt omvandla som denne. Dei nydanna mineralkorna er mikroskopiske. Fyllitt består hovudsakleg av muskovitt, kloritt og kvarts. Han skil seg frå leirskifer ved fløyelsaktig glans og større seigheit. Fyllitt vert nytta takskifer når han har ein plan og jamn skifrigheit.
Han er særs utbreidd i Noreg og dei fleste førekomstane er frå ordovicium, men alderen er vanskeleg å avgjere.
Kjelder
- Fyllitt. (16. september 2013). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.