[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Den Helder

Koordinatar: 51°33′N 5°5′E / 51.550°N 5.083°E / 51.550; 5.083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 4. oktober 2018 kl. 10:29 av Wwikix (diskusjon | bidrag) (Bakgrunnsstoff: mal)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Den Helder
Flagget til Den Helder Byvåpenet til Den Helder
Flagget til Den Helder Byvåpenet til Den Helder


Plassering
Plassering av Den Helder
Plassering av Den Helder
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Noord-Holland
Borgarmeister Stefan Hulman
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

178,83 km²
  45,43 km²
  133,40 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

57 887
  1 274/km²
Koordinatar 51°33′N 5°5′E / 51.550°N 5.083°E / 51.550; 5.083
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.denhelder.nl

Den Helder er ein kommune og by i Nederland i provinsen Noord-Holland med om lag 60 000 innbyggjarar. Den Helder ligg heilt nord på halvøya Noord-Holland og her ligg den største marinebasen i landet.

Huisduinen var den opphavlege, eldre delen av byen, medan Helder i seg sjølv var ei lita grend i nærleiken. På grunn av den strategiske plasseringa heilt på enden av halvøya Noord-Holland, vart det bygd mange festningsverk i området. Området vart kalla Helledore («Helvetesdøra», og seinare Den Helsdeur) på grunn av dei «djevelske» festningsverka som hindra fiendtlege skip å segle inn i Zuidersee.

Den Helder har spelt ei viktig rolle i nederlandsk skipsfart. Under den nederlandske gullalderen vart skip samla nær Den Helder og frå her sette ein ut på verdshava. I 1820-åra vart Noordhollandsch Kanaal grave frå Amsterdam til Den Helder. Fyret Lange Jaap vart bygd i 1877 og er det høgaste støypejernstårnet i Europa med ei høgd på 63,45 meter.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]