Davos
Davos | |||
---|---|---|---|
Øvst: Sertigdalen, Midten venstrre World Economic Forum kongressenter, Midten høgre: Davossjøen, Nedst: Davos | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Graubünden | ||
Distrikt | Prättigau/Davos | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
283,99 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
11 166 39,3 /km² | ||
Koordinatar | 46°48′0″N 9°50′0″E / 46.80000°N 9.83333°E | ||
Høgd over havet | 1560 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 7260 Davos-Dorf 7270 Davos-Platz | ||
Nettstad: www.gemeinde-davos.ch |
Davos (tysk) eller Tavau (retoromansk) er ein by i det austlege Sveits, i den fleirspråklege kantonen Graubünden. Kommunen har 11 166 innbyggjarar (2010) og eit areal på 284 km², og er den nest største kommunen i Sveits etter areal. Byen ligg 1 560 meter over havet og er den høgstliggjande byen i Europa.
Byen Davos er langstrakt, då han ligg i eit ganske trongt dalføre, Landwassertal. Byen består i realiteten av to samanvaksne småbyar, Davos-Dorf i sør og Davos-Platz (den eigentlege byen) i nord. Frå begge bydelane går det kabelbane; Parsenn Bahn frå Davos-Dorf og Schatzalp-Bahn frå Davos-Platz.
Davos er særleg kjend som vintersportsstad, men har sidan 1970-åra også vore vertsby for dei årlege møta til Verdas økonomiske forum. I området er det 5 651 hotellsenger, og elles 16 100 senger i husvære eller private rom. Kommunen har årleg til saman 2,1 millionar overnattingar.
I Davos ligg dessutan fleire forskingsinstitutt for medisin og snø- og snørasstudiar.
Davos vart eit populært reisemål då legar vurderte klimaet som framifrå, og rådde pasientar med lungesjukdomar søke opphald. Dei første kurgjestane kom i 1865. Frå 1880-åra vart byen berømt som vintersportsstad, spesielt for turistar frå Storbritannia og Nederland. I dag er han den tredje største turiststaden i Sveits målt i mengda gjestedøger etter storbyane Zürich og Genève.
Davos Eisstadion er ei legendarisk naturisbane, kjent for sin glatte is. Frå 1898 til 1992 vart det sett mange verdsrekordar på bana. Oscar Mathisen sette i 1914 sin legendariske 1500-meterrekord på 2.17,4, på bana, ein rekord som vart ståande til han vart slått på same stadion, 23 år seinare.
Handlinga i Thomas Mann sin kjende roman Trolldomsfjellet er lagt til Davos.
Bakgrunnsstoff
- Davos.ch - Offisiell turistside
- Bilete frå Davos Arkivert 2009-02-06 ved Wayback Machine.
- Kommunen Davos (tysk) - Offisiell nettstad
- Martin Bundi: Davos på Romansh, tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.