[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Düssel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Düssel
elv
Land  Tyskland
Lengd 46 km
Kjelde Mellom Wülfrath og Velbert
Munning Rhinen
Kart
Düssel
51°17′49″N 7°04′37″E / 51.296944444444°N 7.0769444444444°E / 51.296944444444; 7.0769444444444
Wikimedia Commons: Düssel

Düssel er ei elv i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre. Ho har sitt utspring mellom Wülfrath og Velbert. Elva renn vestover gjennom Neanderthal, der dei første fossilane av neandertalarar vart funne i 1856. Düssel munnar ut i Rhinen ved Düsseldorf. Namnet Düsseldorf kjem av elva, der dorf tyder liten by.