Chvrches
Chvrches | |||
| |||
Opphav | Glasgow, Skottland | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2011 til i dag | ||
Sjanger | Synthpop, indiepop | ||
Plateselskap | Virgin, Goodbye, Glassnote, Virgin EMI | ||
Medlemmer | Lauren Mayberry Iain Cook Martin Doherty | ||
Prisar | Libera Award for Best Breakthrough Artist |
Chvrches (uttala som engelsk «churches»; stilisert som CHVRCHΞS) er ei skotsk synthpop-gruppe frå Glasgow, stifta i september 2011. Gruppa består av Lauren Mayberry, Iain Cook og Martin Doherty. Musikken deira er hovudsakleg avleidd frå synthpop-sjangeren, men har også innslag av indietronica, indiepop, og elektronisk dansemusikk.
To år etter at Chvrches var etablert, gav gruppa ut EP-en Recover i mars 2013, som inkluderte singlane «The Mother We Share» og «Recover». Det første studioalbumet deira, The Bones of What You Believe, vart utgjeve 20. september 2013, medan gruppa vart rangert som nummer fem på lista Sound of 2013 list av BBC.[1] Det andre studioalbumet deira, titulert Every Open Eye, vart utgjeve 25. september 2015. Deira tredje album, Love Is Dead, vart utgjeve 25. mai 2018.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- The Bones of What You Believe (2013)
- Every Open Eye (2015)
- Love Is Dead (2018)
- Screen Violence (2021)
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «BBC Sound of 2013: Chvrches». BBC. Henta 22. oktober 2018.