Abraham Gottlob Werner
Utsjånad
Abraham Gottlob Werner | |||
| |||
Fødd | 25. juli 1749 Wehrau (no Osiecznica) | ||
---|---|---|---|
Død | 30. juni 1817 (67 år) Dresden | ||
Nasjonalitet | Kongeriket Sachsen | ||
Område | mineralogi | ||
Yrke | mineralog | ||
Institusjonar | Technische Universität Bergakademie Freiberg | ||
Alma mater | Albert-Ludwigs-Universität Technische Universität Bergakademie Freiberg Universitetet i Leipzig | ||
Doktorgradsrettleiar | Johann Carl Gehler | ||
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien Det bayerske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet Det franske vitskapsakademiet |
Abraham Gottlob Werner (fødd 25. september 1749 i Wehrau (no Osiecznica) i Oberlausitz, død 30. juni 1817 i Dresden) var ein tysk mineralog og geolog som vert rekna som grunnleggjaren av geognosien og neptunismen.
Frå 1775 arbeidde Werner som inspektør, lærar og tilslutt professor i mineralogi ved bergakademiet i Freiberg i Sachsen. Av dei meir kjende studentane hans var Alexander von Humboldt, Leopold von Buch og Robert Jameson. Nordmannen Jens Esmark var òg student hos Werner i Freiberg.
Galleri
-
Abraham Gottlob Werner
-
Fødestad
-
Byste av Werner i Freiberg
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Abraham Gottlob Werner» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2010.