Oste
Oste | |||
elv | |||
Oste sin munning i Elbe
| |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 711 km² | ||
Lengd | 153 km | ||
Kjelde | Niedersachsen | ||
• høgd | 31 moh. | ||
Munning | Elbe | ||
Oste 53°50′22″N 9°01′06″E / 53.839444444444°N 9.0183333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Oste |
Oste er ei elv i nord i Niedersachsen i Tyskland og ei av sideelvane til Elbe frå venstre med ei lengd på 153 km. Ho renn gjennom landkreisane Harburg, Rotenburg, Stade og Cuxhaven og munnar ut i Elbe nær Otterndorf. Ho har eit nedslagsfelt på 1 711 km² og fell 31 meter frå kjelda til munningen. Sideelvar er Ramme, Aue, Twiste, Bade, Bever og Mehe.
Oste er ein del av Deutsche Fährstraße som vart oppretta i mai 2004. Han knyter saman stader som Bremervörde og Kiel. Ved Gräpel og Brobergen er det òg to ferjer. Sjølv om ho er ein offisiell vassveg har derimot ikkje Oste mykje skipstrafikk.
Elva har sitt utspring nær Tostedt ved grensa til Lüneburger Heide og renn vestover forbi Sittensen og Zeven, før ho renn nordover gjennom Bremervörde, der tidvatnet byrjar å påverke elva, Hemmoor og Neuhaus.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Oste» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2007.