Merkys
Merkys | |||
elv | |||
Merkys og Neman renn saman i Merkinė
| |||
Land | Litauen, Belarus | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 4 416 km² | ||
Lengd | 203 km | ||
Middelvassføring | 21 m³/s | ||
Kjelde | 18 km sørvest for Ašmiany i Belarus | ||
• høgd | 136 moh. | ||
Munning | Neman | ||
Merkys 54°09′23″N 24°11′07″E / 54.156389°N 24.185278°E | |||
Wikimedia Commons: Merkys |
Merkys er ei elv sør i Litauen og nordlege område av Belarus. Meryks renn 13 km i Belarus, 5 km langs grensa mellom Belarus og Litauen og resten av dei 185 km gjennom Litauen før ho renn ut i Neman nær Merkinė. Elva får hovudsakleg vatn frå undergrunnsstraumar, og er derfor kjølig om sommaren. Dette gjer òg at vassnivået i elva ikkje varierer så mykje som andre elvar i Litauen. Nær Žagarinė (128 km før munningen) går det ein kanal frå Merkys til innsjøen Papys. Elva Vokė som renn ut frå innsjøen tar det meste av vatnet i Merkys vidare. Før kanalen er middelvassføringa i Merkys 3 m³/s og etter kanalen 0,7 m³/s.
På slutten av 1800-talet voks nedslagsfeltet til Merkys med 410 km², då sideelva Ūla overtok ein del av nedslagsfeltet til elva Kotra. Merkys er ein populær stad for turistar, sidan ho høyrer til Dzūkija nasjonalpark og renn saman med Neman nær historisk grunn ved Merkinė. Arkeologiske funn viser at folk budde her i mellomsteinalderen. Merkys er kjend for ein variert fauna. I 1974 vart det mellom anna oppretta ei laksereservoar i området.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Merkys River» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2007.