Rom
Utsjånad
Ordet rom kan ha fleire tydingar.
Frå norrønt
[endre | endre wikiteksten]Eitt opphav til ordet rom er indoeuropeisk *ru- -> urgermansk *ru-ma- som tydde 'opna'. Dette blei til det norrøne adjektivet rumr, 'rommeleg' og substantivet 'rom'. Ordet skildra altså først noko som bar ope, men blei seinare brukt til å skildra sjølve det som var ope, rommet.
I dag kan ordet visa til:
- husrom, eit rom i ein bygning
- hesjerom, området mellom to staurar i ei hesje
- båtrom, rommet mellom to spant eller band i ein klinkbygd båt
- Romutstrekking, til dømes volum
- Verdsrommet, Universet
Frå andre språk
[endre | endre wikiteksten]Rom kan òg vera
- Namnet mange sigøynarar brukar om seg sjølve
- Drikken rom er eit brennevin basert på sukkerrøyr.
- Ei form av namnet til hovudstaden i Italia, Roma
- ROM-minnebrikker i er datamaskin