[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Faksimile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein faksimile , frå latin fac simile «gjere lik»: fac, imperativ av facere, «å gjere» + simile, neutrum av similis, «lik»), er ei nøyaktig attgjeving av handskrivne eller trykte dokument ved hjelp av fotografiske eller trykktekniske metodar. Bøker kan såleis verte utjevne som faksimileutgåver, dvs. som ei nyframstilling av ein original i både innhald og utsjånad.

Ein digital faksimile er digitale avfotograferingar av innhald og layout av ei bok eller eit dokument.

Ordet vert på norsk uttalt med trykk på andre stavinga: fak-simile.